Mozilla-manifestet
Mozilla-manifestet, skrive i 2007, beskriv dei grunnleggjande prinsippa våre. Løftet om eit sunt internett vart skrive som eit tillegg til manifestet i 2017 for å spegle det sterke engasjementet vårt for å sikre at internett tener behova til menneske og menneskeslekta samla sett. Saman dannar desse to dokumenta grunnlaget for alt arbeidet i Mozilla — det vi byggjer, det vi finansierer, og korleis vi samarbeider som fellesskap.
Innleiing
Internett vert ein stadig viktigare del av liva våre.
Mozilla-projektet er eit globalt fellesskap av folk som trur at openheit, nyskaping og mulegheiter er nykelen til framleis god internetthelse. Vi har arbeidd saman sidan 1998 for å passe på at nettet vert utvikla på ein måte som er til nytte for alle. Vi er mest kjende for å ha laga nettlesaren Mozilla Firefox.
Mozilla-prosjektet brukar ei fellesskapsbasert tilnærming for å lage programvare i verdsklasse med open kjeldekode og for å utvikle nye typar av fellesskaplege aktivitetar. Vi byggjer fellesskap av folk som er involverte i å gjere internettopplevinga betre for alle.
Som eit resultat av desse satsingane har vi destillert fram ei samling grunnprinsipp som vi meiner er kritiske for at nettet skal halde fram med å gagne allmennytta samt dei kommersielle aspekta av livet. Vi skildrar desse grunnsprinsippa nedanfor.
Målet med manifestet er å:
- formulere ein visjon for internett som Mozilla-deltakarane ønskjer at Mozilla Foundation skal streve etter;
- tale til folk, anten dei har ein teknisk bakgrunn eller ikkje;
- gjere dei som bidreg till Mozilla stolte over kva vi gjer og motivere oss å halde fram; samt
- leggje til rette eit ramverk for andre, for å verkeleggjere visjonen vår av internett.
Desse grunnprinsippa vil ikkje vekkjast til live av seg sjølv. Folk trengst for å gjere nettet ope og deltakande – personar som handlar som individ, som arbeider saman i grupper og som leiar andre. Mozilla Foundation er forplikta til å fremje prinsippa som er spesifiserte i Mozilla-manifestet. Vi byr inn andre til å vere med oss for å gjere nettet til ein enno betre stad for alle.
Prinsipp
-
Internett er ein integrert del i det moderne livet — ein hjørnesten innan for utdanning, kommunikasjon, samarbeid, forretningsverksemd, underhaldning og samfunnet som heilskap.
-
Internett er ein global, felles ressurs, som må bli verande ope og tilgjengeleg.
-
Internett skal forbetre livet til enkeltmenneket.
-
Sikkerheit og personvern for individet på nettet er fundamentalt, og må på ingen måte sjåast på som valfritt.
-
Enkeltpersonar må ha mulegheit til sjølve å forme internett og eigne opplevingar av det.
-
Kor effektive nettet er som ein allmenn resurs er avhengig av kompatibilitet (protokoll, dataformat, innhald), nyskapande og ei desentralisert, verdsomspennende deltaking.
-
Fri og open kjeldekode-programvare fremmar utviklinga av internett som ein felles ressurs.
-
Transparente, fellesskapsbaserte prosessar fremmar deltaking, ansvarstaking og tiltru.
-
Kommersiell involvering i utviklinga av internett har mange fordelar; ein balanse mellom kommersiell profitt og felles interesser er avgjerande.
-
Å forsterke dei allmennyttige aspekta av internett er eit viktig mål, som fortenar tid, merksemd og engasjement.
Fokus på eit sunt internett
Det opne, verdsomspennande internettet er den kraftigaste kommunikasjons- og samarbeidsressursen vi nokon gong har sett. Det klargjer nokre av dei djupaste håpa om menneskeleg framgang. Det gjev nye mulegheiter til å lære, bygge ei kjensle av menneskelegheit og løysing av dei aktuelle problema som folka i verda står overfor.
I løpet av det siste tiåret har vi sett dette løftet oppfylt på mange måtar. Vi har òg sett internettet bli brukt til å så splid, oppfordre til vald, fremme hat og med vilje manipulere faktum og spreie usanningar. Vi har lært at vi bør vere meir presise i målet vårt for menneske si oppleving av internettet. Vi gjer det no.
Våre forpliktingar
-
Vi står for eit internett som involverer alle menneska på jorda — der den demografiske eigenskapen til ein person ikkje bestemmer tilgangen til nettet, mulegheitene og kvaliteten av opplevingane på nettet.
-
Vi står for eit internett som fremmar samtale, forståing og menneskeleg verdigheit, og som gir alle mulegheit til å uttrykkje seg.
-
Vi står for eit internett som fremmar kritisk tankegang, faktiske diskusjonar, felles kunnskap og kontrollerbare fakta.
-
Vi står for eit internett som fremmar samarbeid mellom ulike grupper, som arbeider for det felles beste.
Mozilla sitt løfte
På tvers av Mozilla-prosjektet og alle organisasjonane i Mozilla-familien forpliktar vi oss til å støtte Mozilla-manifestet i arbeidet vårt. Konkret vil vi:
- byggje og dele open kjeldekode og fellesskap som støttar grunnprinsippa i manifestet;
- byggje og leverer utmerkte konsumentprodukt som støttar grunnprinsippa i manifestet;
- bruke Mozillas aktivum (immaterialrettslege tilgjenge, som opphavsrett og varemerke, infrastruktur, kapital og rykte) for at internett skal bli verande ei open plattform;
- fremje modellar som skaper økonomisk verdi til nytte for ålmenta; og
- fremje grunnprinsippa i Mozilla-manifestet, i opne diskusjonar, og innanfor internettindustrien.
Vi treng deg for å fremje manifestet
Eit internett med desse eigenskapane vil ikkje oppstå av seg sjølve. Menneske og organisasjonar må byggje desse ambisjonane inn i internett-teknologien og i korleis menneske opplever internett. Mozilla-manifestet og tillegget representerer Mozilla forpliktinga si til å fremje desse ambisjonane. Mozilla samarbeid med menneske og organisasjonar over heile verda som ønskjer å gjere internett til ein endå betre stad for alle.
Om du deler dette målet, fortel oss korleis vi kan hjelpe.
- Vi lagar programvare med open kjeldekode som du kan byggje vidare på.
- Vi finansierer stipendiatar og utviklar prosjekt som har som mål å skape ei betre digital framtid.
- Vi byggjer AI-verktøy med open kjeldekode som gir utviklarar valfridom — og hjelper dei med å spare pengar.
- Vi investerer i ansvarlege teknologistartups.
- Vi driv eit globalt fellesskap for rettferdig datautveksling.
- Vi arrangerer ei årleg global samling for menneske som byggjer alt mogleg for å fremje manifestet.
Og sjølvsagt lagar vi Firefox og Thunderbird. Alt dette har som mål å hjelpe menneske med å gjere internett til ein betre stad.